Stjernene slår ring om Suel, og syng ut mot manglande rettferd!
Søndag 6. april klokka 18:00 inviterer Suel og støttegruppa til ein stjernespekka kveld i Herøy kyrkje.
Desse artistane er klare så langt:
Appell ved Møre-biskop Ingeborg Midttømme
– Konserten er viktig for å sikre at me økonomisk kan hjelpe Suel, men også for å vise at vi støttar han, seier leiar Nils Roar Hareide i støttegruppa.
Billettpris: 450 kroner
Pengane går til kampen for Rettferd for Suel.
Suel blir beskytta av lokalsamfunnet.
Han sit i kyrkjeasyl medan han kjempar for rettferd.
Bildet er frå då folk laga fakkelring rundt kyrkja.
Mor, far og veslesyster til Suel Kassembo blei drepne i heimen deira i 2004 medan Suel var på skulen. Suel flykta frå Burundi og enda opp i Norge. Han hadde ikkje ID-papir. Han kunne ikkje hente dei sidan han stod i fare for å bli drepen om han drog heim.
Norske myndigheiter trudde ikkje på han, og nekta han opphald. Han blei utvist frå Norge, men lokalsamfunn på Søre Sunnmøre trudde på Suel og verna om han. Suel har budd her i 20 år og er fullstendig integrert i samfunnet. Han har ein stor venneskare, og har fast jobb innan service og reiseliv.
Suel har i nyare tid lukkast i å skaffe papir som viser at han har snakka sant heile tida. Papira beviser at han skulle hatt opphald då han kom. Men norske myndigheiter nektar å innrømme at dei gjorde ein feil, og dei vil ikkje behandle saka på nytt. Suel si sak har vore behandla i tingretten og lagmannsretten. Myndigheitene held fast på at Suel skal sendast ut av Norge. Sjølv om nye bevis slår fast at han skulle hatt opphald då han kom.
Har ikkje asylsøkjarar rettstryggleik i Norge, slik at nye bevis kan føre til endra svar i Utlendingsnemnda og/eller i norsk rettsvesen? Handsaming av asylsaker som ikkje samsvarar med vanleg norsk rettspraksis kan sette tillit til rettssystemet i fare. Suel sin kamp er ein kamp for vanlege folk si rettskjensle.
Du kan støtte Suel ved å vippse til 830996. Du kan også signere på oppropet.
Takk til alle som støttar Suel sin kamp for rettferd ❤
* * * * * * * *
Du kan sjå ei samla oversikt over feil som staten har gjort på sida med Dokumentasjon
Suel vann ikkje fram i lagmannsretten, og saka har fått avslag på å bli handsama i høgsterett. Det blir vurdert om saka skal takast til den europeiske menneskerettsdomstolen i Strasbourg.
Gong på gong har staten nekta å tru på historia til Suel. Papira han no har skaffa er gjennomgått og verifisert av den burundiske ambassaden, og beviser at Suel var mindreårig, og dermed skulle ha fått opphald då han kom.
Det ligg fleire lenker til reportasjar og artiklar lenger nede på sida.
Då Suel tapte saka mot staten i tingretten, vart den midlertidige forføyninga han fekk hausten 2023 kjend ugyldig, og han mista dermed moglegheita til å opphalde seg lovleg i Noreg.
Støttegruppa Rettferd for Suel fann det svært urimeleg at han ikkje skulle få lov til å vere med i si eiga rettssak. Særleg med tanke på at han først fekk midlertidig forføyning slik at han ikkje kunne sendast ut av landet.
Difor tok støttegruppa kontakt med sokneråd, prest og kyrkjeverje i Herøy, og gjorde avtale om at Suel fekk tilgang til å gå i kyrkjeasyl i Herøy kyrkje. På den måten har han eit vern så lenge han kjempar for saka si.
Staten har ikkje trudd på Suel sine papir som viser at han var mindreårig då han kom. Vi har likevel fått nytt håp om at Suel si sak kan få ei rettvis ending slik at Suel får opphald.
Advokat Arild Humlen representerer Suel i lagmannsretten seier at det ikkje er avgjerande at staten trur at Suel vart fødd i 1988. Uavhengig av alder har han rett til status som flyktning etter FN's konvensjon.
- Dersom du har blitt utsett for ei alvorleg valdshaldning, eller nokon i nær familie har blitt det, så blir ein rekna som eit offer. Statusen som offer vil ikkje endre seg med tida, same korleis forholda i Burundi skal ha forandra seg på desse 20 åra. Suel er like mykje eit offer i dag som då han kom i 2004. Ingen kan endre på dei opplevingane Suel har hatt. Og når Suel blir rekna som ein del av «Particular Social Group», som er regulert i flyktningkonvesjonen, så har han immunitet mot opphøyr av flyktningstatus, seier advokat Humlen i eit intervju med Sunnmørsposten.
Alle som vil vise at dei støttar Suel si sak kan skrive under på eit generelt opprop til støtte for Suel. Over 10.000 personar har signert dette oppropet som du finn her.
Det er også laga eit eige opprop signert av politikarar, næringslivsleiarar og andre kjende personar. Det oppropet finn du her.
Våren 2025Suel sit for andre år i kyrkjeasyl. Anken til Høgsterett er avvist, og saka vil ikkje bli behandla der. Støttegruppa jobbar vidare i samarbeid med advokat Arild Humlen for å få rettferd for Suel.
|