Bakgrunn for saka
Suel Hussein Kassembo flykta frå Burundi då familien blei drepen i 2004. Mor, far og søster blei brutalt myrda i heimen deira medan Suel var på skule. Av frykt for sitt eige liv gjekk han ikkje heim for å hente id-papir, så han kom papirlaus til Norge. Han fortalte at han var 16 år og frå Burundi.
Den norske staten trudde ikkje på han. Dei trudde heller ikkje på fødselsattesten han ved hjelp av ein norsk advokat fekk tak i frå Burundi.
Suel har gjort mange forsøk på å bevise kven han er. Frå eit kommunalt kontor i Burundi har han til og med fått tak i dødsattest for mor, far og søster. Det var ei stor påkjenning for han å måtte skaffe og sjå dette, det er ikkje vanskeleg å skjøne at dette vekker gamle traumer til live.
Gong på gong har staten nekta å tru på historia til Suel. Papira han no har skaffa er gjennomgått og verifisert av den burundiske ambassaden. Den norske staten har tidlegare nekta å tru på slike papir, og i fleire rettsinstansar har UNE fått gehør for tvilen. Men no er materialet så omfattande og så godt dokumentert at det er vanskeleg å skjøne at staten kan så tvil om disse.
Suel skulle hatt opphald då han kom, slik andre mindreårige frå Burundi fekk på den tida. Hadde staten trudd på han då han kom hadde han fått bli. Vi meiner dokumentasjonen nedanfor er ekte, og at staten må oppheve vedtaket om utsending sidan det blei gjort på feil grunnlag.
Anke til høgsterett
Suel si sak mot staten ved UNE er anka til høgsterett. I tilsvaret til anken kom UNE ikkje Suel i møte. Høgsterett avviste anken. Her finn du anken og anketilsvaret.
Det er to ting som er særlig oppsiktsvekkende i statens tilsvar:
1. Staten tar åpenbart ikke ansvar for å rette opp uriktige vedtak i asylsaker. Kassembo, basert på de nå framlagte bevis, hadde åpenbart rett på beskyttelse når han søkte om dette. UNE vil ikke ta ansvar for at de ikke innvilget Kassembo de rettigheter han som flyktning har, når han søkte asyl. UNE hever seg over dette og vil ikke en gang vurdere de framlagte bevisene som viser at UNE la til grunn et åpenbart uriktig faktisk grunnlag, som fikk avgjørende konsekvenser for Kassembo.
2. Videre viser de i tilsvaret, at de ikke etterlever UNHCR sin rettslige tolkning av flyktningbegrepet, selv om Norge har underskrevet og påtatt seg et ansvar for å samarbeide med UNHCR gjennom signeringen av Flyktningkonvensjonen. Dette er en alvorlig tilsidesettelse av UNHCR sin posisjon og rolle som ansvarlig organ.
Vi har valt å sladde namna til Suel sin familie grunna tryggleik for Suel. Namna er der på originalane vi har og som UNE no har fått tilgang til.






